– Finn på tekstane medan eg syng - Eno
TheWarOnDrugs_3

– Finn på tekstane medan eg syng

Fri flyt: Albumklare The War On Drugs tykkjer ikkje songar skal kome frå hovudet.

Tekst Jean Christine Cena Foto Promo

Del:

Denne uken slapp Philadelphia-bandet The War On Drugs den kritikerroste platen Lost In The Dream. Til våren spiller de i Oslo. Da bandet lanserte Slave Ambient i 2011, møtte vi bandets sentrale medlem Adam Granduciel i Stockholm for et intervju.

I anledning det nye albumet henter vi frem igjen intervjuet fra vårt arkiv:

‒ Bladet dykk er oppkalt etter Brian Eno, sant? Det var den einaste grunnen til at eg sa ja til å verte intervjua. Eg er ein stor Eno-fan, seier Adam Granduciel alvorleg.

Han er navet i bandet The War On Drugs, som i 2003 pakka kofferten og reiste frå solrike California til meir kjølege og fuktige Philadelphia. Den aller første personen han møtte der, ifølgje han sjølv, var musikaren Kurt Vile. Granduciel og Vile fann raskt ut at dei hadde mykje til felles musikalsk, og byrja å spele saman nærmast med det same.

Dei fekk platekontrakt hos Secretly Canadian etter å ha sluppe ein sjølvfinansiert demo-EP i 2005. Under dette plateselskapet har bandet gitt ut to EP-ar, Barrel of Batteries (2007) og Future Weather (2010), og to LP’ar, Wagonwheel Blues (2008) og  Slave Ambient (2011).

Bandet har gjennom åra skifta bandmedlemmar hyppig, men har heile tida hatt Granduciel og Vile som ryggmerg. Mot slutten av 2008, under arbeidet med sisteplata, trakk likevel Vile seg frå bandet for å gå vidare som soloartist.

– Adam Granduciel, korleis var det å gi ut første album utan Kurt Vile?

‒ At bandet bytar medlemmar, betyr eigentleg ikkje så mykje for sjølve musikken. Vi spelar sjeldan inn ting i studio som eit fullstendig band. Første albumet spelte vi inn veldig tilfeldig. Forskjellege instrument og delar vart spelt inn avhengig av kven som stakk innom dei ulike dagane. Faktisk er det først på dette siste albumet vi har spelt inn nokre av låtane som eit heilt band samla i studio. Dei låtane har riktignok endt opp med å bli mine favorittlåtar på dette albumet, «Brothers» og «Black Water Falls».

– Kor viktig er improvisasjon for deg?

– Det er nok det aller viktigaste i all musikk eg lagar. Når vi lager låter, byrjar vi vanlegvis med at eg har ein idé om ein låt. Så kjem kanskje ein og ein i bandet på besøk til meg, spelar litt på ideen, og etter kvart kan vi ta opp ting vi synest er bra. Kanskje samplar vi det og gjer det om til noko heilt anna. Vi liker å jobbe med noko så lenge at det kjennast som ein del av oss sjølve. Andre gonger kan vi kanskje improvisere så lenge at ein byrjar å tenkje ut ein heilt annan låt, ein får ei slags openbaring, og må skrive ned alt saman der og då. Først og fremst synest eg det er viktig å improvisere fram songtekstane. Låtane vert jobba med så mykje at dei ofte forandrar seg ein del med tida, og dermed vil eg også kunne forandre på tekstane i tråd med musikken. Finne på ting etter kvart. Vi bruker å spele inn låtane med meg som improviserer tekstane, deretter spelar eg opptaka for å transkribere det som har vorte sunge. Eg trur ikkje eg hadde klart å dikte opp halvparten av tekstane mine om eg skulle sete meg ned og prøvd å tenkje ut teksten, det er noko som må skje der og då. Etter transkriberinga vil eg gjerne prøve å forme det litt meir, kanskje spele enda meir på spesielle ting eg har sagt eller spesielle lydar eg har laga. Når det kjem til tekstane, så synest eg det er bra at det ikkje kjem så mykje frå hovudet, men meir frå hjartet. Ein vert også betre til å improvisere fram tekstar som gir meir meining etter kvart som ein har gjort det ein del.

– Har du eit eksempel på det?

‒ Til dømes låta «Brothers», då den kom ut på EP, var 95 prosent av låta improvisert. Vi gjorde alt i løpet av ein kveld, og då eg høyrte på den dagen etter, vart eg heilt overraska over kva som hadde kome ut av meg. Det var som om alt som var mest naturleg for denne låta, kom fram gjennom improvisasjon. Riktignok har eg fiksa litt på nokre setningar som vart for mykje gibberish, men det kan absolutt oppstå fantastiske augneblink når du berre står der aleine med øyreklokkene og finn på ting undervegs. Det er denne arbeidsmetoden som gir mest meining, synest eg.

– Eg vaskar huset veldig ofte, nokon vil kanskje kalle meg manisk oppteken av det.

– Kva er dine tankar kring platesal og framtida til plater?

‒ Den siste tida synest eg det har vore veldig stort fokus på enkeltsongar, folk gir ut singel etter singel. Så eg synest det var veldig godt å gi ut ein dobbel LP som det låg tre år med hardt arbeid bak. Slave Ambient er ei plate med låter som fungerer godt som enkeltsongar, men som også er ein del av ein større heilskap ein fullt ut kan nyte samanhengande. La oss seie det sånn, eg vaskar huset veldig ofte, nokon vil kanskje kalle meg manisk oppteken av det, men når eg vaskar, så lyttar eg alltid til musikk. Ofte er det ting eg jobbar med sjølv, men openbart også andre sine ferdige plater. Eg liker ekstra godt å halde på med ting, for så å måtte stoppe for å snu plata. Sjølv om folk ikkje sel femti millionar plater lenger, så synest eg det er viktig å fortsette å lage plater. Eg trur lyttarane framleis ventar at ein som musikar bruker tid på å lage ei historie som til slutt vert ei plate. Vinyl, til dømes, er jo like populært no som det var for mange år sidan. Folk kjøper derimot på andre premiss enn før, dei går ikkje i platesjappa like mykje, men det vert definitivt solgt plater etter konsertar.

– Kva tankar har du kring artistane du vert samanlikna med, som Bob Dylan og Bruce Springsteen?

– Det er på ein måte kult å verte samanlikna med dei artistane sidan dei er store songarar og låtskrivarar som eg definitivt har høyrd på gjennom oppveksta. Likevel er det viktig for meg at eg ikkje prøver å kopiere dei, eller prøver å gjere deira greie betre. Dei har låter som kjennast ekte og genuine, og det inspirerer meg til å jobbe fram musikk som følgjer deira fotspor og tek musikken inn i dette århundret. Verken eg eller dei eg vert samanlikna med lagar spesielt komplisert musikk, men derimot veldig rett fram gitarrock. Eg synest eg følgjer ei tidslinje der vår musikk ligg på forskjellege områder i tid, men med den same grunnmuren. Om musikken til The War On Drugs vil forsette på denne linja, er ikkje sikkert. Eg er open for å gå alle vegar herifrå.

En lengre versjon av dette intervjuet sto opprinnelig på trykk i ENO #6, utgitt november 2011.