– Folk står og dansar til låten på Ibiza - Eno
2011 skopje solo Ivan red

– Folk står og dansar til låten på Ibiza

Ho har laga seks plater på tre år. Likevel meiner Building Instrument-aktuelle Mari Kvien Brunvoll at den beste musikken blir til på scena.

Tekst Sondre Åkervik Foto Ivan Red

Del:

– Eg er ingen typisk studiomusikar, vedgår Mari Kvien Brunvoll.

I mange år har den bergenbusatte musikaren og stemmekunstnaren frå Molde vore eit livefenomen, ei unik konsertoppleving. Uttrykket på scena er særeige – ein meditativ miks av pop, jazz, elektronika, folk og blues – der ho sittande åleine med beina i kors samplar si eige stemme i eit lappeteppe av lydar. Vokalen hennar er perkusjon, bass, komp, kor og melodi på same tid.

Den svingar frå det djupe til det høge: skjør, nesten skingrande barnleg klang kan avløyse tung beatboxing. Dette blir så vridd, vrengt og messande repetert av loop-pedalar som ho styrar medan ho syng. Teksturar og rytmar oppå kvarandre. Med eit rikt utval akustiske instrument, som sitar, kalimba og kazoo, samt elektroniske hjelpemidlar, vekslar Brunvoll heile tida mellom fleire stilartar.

– Eg er inspirert av folkemusikk frå heile verda, men også rap og hiphop-influert musikk, som for eksempel Cocorosie, Madvillain og J Dilla. Også er det alt det spennande med elektronika – måten ein kan lage samplebasert musikk på, fortel ho.

Hard turneringsverksemd i Europa har gitt Brunvoll kultstatus blant kjennarar på kontinentet. Jazznestor Bugge Wesseltoft har kalla henne «eit eksepsjonelt talent». Då dei to spelte ein dobbelkonsert i Nederland i 2009, var ho meir populær enn den velkjente pianisten.

Sidan 2012 har ho fem svært ulike utgjevingar på samvitet – frå det elektroniske soloprosjektet til lo fi-prega indie folk med Tim Tygg, via blues med Stein Urheim. Dei siste månadane har dessutan ein fersk remiks signert det store, chilenske technonavnet Ricardo Villalobos gitt Brunvoll sin musikk innpass i eit helt nytt miljø, på klubbdansegolv verda over.

I dag forløyser ho si sjette plate, som ein del av jazztrioen Building Instrument. Alt dette, og likevel: Mari Kvien Brunvoll er enn så lenge eit ganske ukjent namn her til lands, særleg samanlikna med si eldre syster Ane Brun.

– Om ein promoterer seg sjølv mykje og lagar eit slags produkt av kven ein er, så blir ein vel fort meir kjent. Men eg har ikkje hatt behovet for å starte ein kometkarriere innanfor ein sjanger. Det betyr også at eg ikkje blir rik, tilstår Brunvoll.

No kan derimot musikkarrieren ta ei uventa vending. Debutalbumet hennar frå 2012, utgitt på Wesseltofts plateselskap Jazzland, kom tilfeldigvis Ricardo Villalobos i hende. Den anerkjente produsenten likte plata så godt at han heilt uoppfordra laga ein 30 minutt lang remiks av sporet «Everywhere You Go».

Som «Villalobos Celestial Voice Amnesia Ressurrection Mix» var låten brått ein sjølvsikker vinnar også på dansegolvet. Villalobos gav hausten 2013 remiksen ut på sitt eige label, Sei Es Drum. Snart begynte e-postane å tikke inn til Brunvoll, frå folk som ville ha fleire klubblåtar frå henne eller hadde laga sine eigne versjonar av «Everywhere You Go».

– Det er utruleg kult. På YouTube er det klipp av folk som står og dansar til låten på Ibiza. Eg har ikkje hatt noko forhold til Villalobos sin musikk, men typen min fekk hakeslepp då han høyrde om dette. No har eg plutseleg fått mykje merksemd frå folk som ikkje har noko med jazzverda å gjere. Det er eigentleg perfekt at dette skjedde no, for eg har lyst til å spele musikken min på mange ulike scener framover, seier Brunvoll

– Korleis kan remiksen påverke dine komande prosjekt?

– Kunstnerisk sett er eg alltid på leit etter nye impulsar, og det er absolutt veldig spennande å nå ut til eit nytt musikkmiljø. Det er vanskeleg å seie korleis dette vil prege kva eg skriv framover – inspirasjon har ein tendens til å berre lure seg inn.

– Korleis finn du inspirasjon?

– Akkurat det med inspirasjon er eit viktig stikkord for meg akkurat no, fordi alle prosjekta mine har vore fokusert på konsertsituasjonen framfor innspelingar i studio. For meg har det alltid vore mest inspirerande å jobbe litt på kanten, når eg er usikker kva som vil skje. Eg likar at musikken er sårbar, at publikum får oppleve spenningane i den medan den oppstår.

Trass i ønsket om skape musikk på scena, innsåg Brunvoll at det ikkje var nok å berre vere livemusikar. Ho trengde handfaste produkt å vise til. Album. Ein stor del av materialet hennar, som hadde blitt til i konsertaugneblinken, begynte å bli gammalt. Det måtte dokumenterast.

Ein konsert i Stavanger, tatt opp av NRK, samt lydopptak frå Nederland og Italia vart til soloalbumet.

– Eg høyrde gjennom i alt nærare 30 konsertopptak. Det har ført til at eg har vore timevis på kontoret, for å lytte og sette saman platene. Eg har blitt veldig analytisk, og det synest eg ikkje er så inspirerande. Det er noko heilt anna enn konsertsettinga, der alt kan skje. No gler eg meg til å begynne å skape ny musikk igjen. Bli litt meir mystisk, litt mindre rasjonell.

«I´ve got a soul in my head, I want my own soul back again, I want my own soul instead», syng ho repeterande i låten «Something Inside», før stemma liksom druknar i lyd. Det tekstelege universet til Brunvoll framstår ofte som sekundært – det er klangen i stemma som er det viktige, der den flettar seg saman med lappeteppet av lydar.

– Tekstane er ofte meir som abstrakte dikt enn fullendte historier. Det er viktig at eg kan stå for bodskapen i teksten, men eg skriv aldri ferdig ein tekst før eg lagar musikken. Derfor kjem teksten inn i musikken ut frå improvisasjonar eg gjer opptak av og høyrer på i ettertid. Så jobbar eg vidare med det som lyd fint.

Les resten av intervjuet i ENO#15, som er ute i butikker nå.